Jubileum for din bedrift
Aktivitet / Oppleving:
Er De på utkikk etter ein fantastisk stad å jubilere og til å feira dykkar bedrift, er Tysso og Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tyssedal ein veleigna plass å leggje jubileumet.
Utover fjorden mot Tyssedal (ca. 20 min. køyring frå Ullensvang) var det ein gong eit Troll som hadde samla seg mange gilde skattar.
Trollet skjulte rikdommen sin ein stad der hav og fjell og is kunne verna om skattane i tusenvis av år. Heilt nede ved fjorden ligg den eine skatten som eit Soria Moria slott og her blei ville fossar forvandla til lys og varme.
Den vakre kraftstasjonen Tysso ligg som ei arkitektonisk perle ved fjorden.
Gruppa kjem til duka og dekka bord i eit praktbygg med originale maskiner blant søylegang og blankpussa messing.
Ynskjer gruppa underhaldning under arrangementet eller til ein aperitiff er det å anbefale ein konsert inne i hallen kor du får ein utruleg akustikk med rette musikken.
Kraftstasjonen Tysso er ei fantastisk oppleving, samtidig som det kan vere ein enkel utflukt for grupper som ynskjer å oppleva noko utanfor hotellet.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 2 timar
Fakta:
Ynskjer gjestene ein stad å overnatte under arrangementet ligg Hotel Ullensvang i Lofthus ein kort køyretur unna. Hotellet ligg fantastisk til ved austbreidda av Sørfjorden.
Hotellet med sine 172 rom, er innreia med sjel, og ein unik kombinasjon av moderne komfort, lokal tradisjon og historie. Ei vandring i hotellet sine mange salongar og korridorar er ei oppleving i seg sjølv.
Symjehall med saunaer og boblebad, golfsimulator, leikerom, biljard og tennishall er berre nokre av fasilitetane Hotel Ullensvang har å tilby.


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Hotel Ullensvang, Lofthus, ullensvang@hotel-ullensvang.no, www.hotel-ullensvang.no, 53 67 00 00
Norsk Vasskraft og Industristadmuseet, Tyssedal, mette@nvim.no, www.nvim.no, 53 65 00 50
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32
