Konsertoppleving i Hardanger
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Hardangerfjord Hotell i Øystese. Hotellet ligg fantastisk til ved Hardangerfjorden, omkransa av ein 12 mål stor hage med utsikt til Noregs tredje største isbre, Folgefonna.
Med 87 nyrenoverte hotellrom, kurs- konferansefasiliteter med audiovisuelt utstyr som; høgtaleranlegg, videokanon i alle møterom, trådløst nettverk, samt store og mindre møterom og grupperom - i tillegg til god mat og triveleg miljø, gjer at ein har det meste for å oppnå eit vellukka arrangement.
Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:
Hardanger er Hordaland fylke sin tusenårstad, og Kunsthuset Kabuso er det konkrete uttrykk for dette.
Kabuso trekkjer ei linje frå nasjonalromantikken til vår tids kunst og musikk.
Her er utstillingar, konsertar og andre arrangement gjennom heile året.
Ein flott avsluttning på ein dag med fagleg innhald, er å invitere dykkar kolega, kunder til konsert i Kunsthuset Kabuso som ligg ca. 100 meter frå Hardangerfjord Hotell.

Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Hardangerfjord Hotell, Øystese, post@hardangerfjord-hotell.no, www.hardangerfjord-hotell.no, 56 55 63 00
Kunsthuset Kabuso, Øystese, post@kabuso.no, www.kabuso.no, 56 55 39 00
