Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Ei bygd blant 600 000 frukttrær


Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Hotel Ullensvang i Lofthus. Hotellet ligg fantastisk til ved austbreidda av Sørfjorden.

Hotellet med sine 172 rom, er innreia med sjel, og ein unik kombinasjon av moderne komfort, lokal tradisjon og historie. Ei vandring i hotellet sine mange salongar og korridorar er ei oppleving i seg sjølv.

Symjehall med saunaer og boblebad, golfsimulator, leikerom, biljard og tennishall er berre nokre av fasilitetane Hotel Ullensvang har å tilby.

Med Hardangervidda i ryggen og med utsikt til mektige fossar, fjell,  isbreen 'Folgefonna'og ikkje minst alle frukthagane i distriktet, er det eit ypparleg utgangspunkt for utflukter og aktivitetar.

Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande alternativ:

Rebusløp:
Bruk eit par timar av møtedagen til rebusløp på Hardanger fruktsti.
Infotavlene tek deg med over 800 år tilbake i frukthistoria si tid. Her får du god trim - fysisk og historisk. Passar for alle.

Team-building:
Prøv ein annleis form for sirkeltrening.
Bruk nokre timar av møtedagen på morellesteinspytting, skigåing uten snø og tautrekking.
Relasjonsbyggjande og veldig, veldig moro.

Begge alternativ startar med ein smak av Hardanger. Det blir servert lokal sider som er bryggja på epler frå nokre av dei 600.000 frukttrærne som er  i distriktet.

 

 

 

Moreller

 

 

Glass med eplesider

 

 


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off  i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:

Hotel Ullensvang, Lofthus, ullensvang@hotel-ullensvang.no, www.hotel-ullensvang.no, 53 67 00 00