Møteopphald med ro og hygge på Stord
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Stord Hotell som ligg på Leirvik på Stord, ca 700 m frå hurtigbåtterminalen/ kystbussen og ca. 20 min. køyring frå flyplassen på Sørstokken.
Hotellet har 89 store rom, samtlege er doble eller med "grand lit" (stor enkeltseng). Alle romma har sofagruppe og skrivebord.
I tillegg kan hotellet tilby store og komfortable businessrom. Alle med parkett og god belysning, samt femirom og 2 juniorsuiter. Kurslokala har plass for inntil 200 deltakarar. Alle møterom er utrusta med standard teknisk utstyr.
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:
Aktivitet / Oppleving:
Aktivitetar i naturen gjev alltid stemning og atmosfære uansett årstid.
Kjennetegn på eit godt hotellopphald er og at det inneheld eit inderleg ynskje om at tida skal stoppe opp litt.
Like nær hotellet ligg flotte skogsløyper der deltakarane kan få prøve seg på rebusløp med ulike oppgåver. Ein artig måte å bli kjent med naturen og ikkje minst sine kolegaer på.
Premiering til vinnarlaget kan kombinerast med vinsmaking nede i vinkjellaren på Stord Hotell.
Hotelldirektøren deler gledeleg sin kunnskap om vin med sine gjester. Kunnskapen omfattar både geografi, kultur og smaks-sans.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 2 timar (tilpassar gruppa)

Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Stord Hotel, Leirvik, info@stord-hotel.no, www.stord-hotel.no, 53 40 25 00
