Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Blåtur med Gullgruver, Rekebord og Bryggedans på Bømlo


Aktivitet / Oppleving:
Legg Blåturen eller andre arrangement til Bømlo og Bømlo Hotel.

Uvitande kor turen går kan De overraska dykkar gruppa på ei reise frå for eksempel Bergen ned til Sunnhordland.
Bømlo er landfast via Trekantsambandet som gjer det muleg og kome fram med både bil og buss på ein enkel og grei måte. Ca. 2,5 time køyring frå Bergen.
Dersom ein ynskjer å kome sjøvegen kan Maritime Tours AS vere behjelpeleg med båt som høver til gruppa.

Vidare frå Bømlo Hotel blir gruppa køyrt (ca. 30 minutt) til Lykling der det vil blir omvisning i gullgruvene.
På heiane nord for Lyklingesjøen ligg den stolte historien om gruvene.
Til saman vart det funne fleire hundre kilo reint gull.
Og enno er det kanskje gull å finna i kvartsårane og gruvehola i gråberget ut mot storhavet.......

Etter ei spanande gruvevandring, 
kor ein opplever historia om kva som gjekk føre seg i gullgruvene for over 100 år sidan, kan gruppa avslutta med eit festleg lag på "Krambua" ved Lykling Brygge.
Rekefiskaren kjem inn til kaia med ferske reker som blir servert til skalldyrbordet.
Ei flott ramme rundt arrangementet er å bruke trekkspelmusikk og kanskje er det nokon i gruppa som ynskjer å prøva "dansefoten".

 

 

 

 

Gulgruvene på Lykling

Reker på bryggja


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off  i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:

Bømlo Hotel, Rubbestadneset, mailto:post@bomlo-hotell.no, http://www.bomlo-hotell.no, 53 42 93 53
Maritime Tours, Nordnes/Bergen, office@maritimetours.no, www.maritimetours.no, 55 30 80 80
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, http://www.tide.no/, 55 23 87 32