Blåtur - Ei reise til Hardanger
Aktivitet / Oppleving:
Uvitande kor turen går kan De overraska dykkar gruppa på ei reise til Hardanger.
Gruppa blir henta og frakta med Tide Reiser AS over Kvamskogen og vidare inn til Fykse, ca. 1 1/2 time køyring frå Bergen.
Her kan gruppa nyte ein "kaffistopp", eventuelt smake på lokale mattradisjonar.
Dei tre særmerka serveringsstadane; Hardanger Akvasenter, Steinstø Fruktgard eller Gamlastovo Gardsrestaurant er alle verdt ein visitt.
Ynskjer ein elles tradisjonsrike opplevingar vert gruppa invitert med til den førkristne kultplassen Døse, ei spesiell oppleving til tonar av Hardingfele.
Reisa går vidare med Passasjerbåten M/S "Peer Gynt", Gjestene blir ønska velkomen ombord til ein fjordtur frå Fykse inn Samlafjorden og vidare inn til Eidfjord.
Om bord er det høve til å innta både mat og drikke av ymse slag, samt slappa av og nyta den storslåtte naturen. Det er også høve til å fiska frå båten.
Turen inn til Eidfjord tek ca. 3 timar med M/S "Peer Gynt".
Vel framme i Eidfjord ynskjer Eidfjord Fjell & Fjord Hotel gruppa velkomen.
Hotellet har 28 rom med totalt 49 senger og ein restaurant med kapasitet til 150 personar. I tillegg har hotellet konferansefasilitetar med kapasitet opp til 70 i kino og 45 i klasserom.
Ynskjer ein å gje gruppa fleire utfordringar kan "ekstremløp" som testar uthaldenheit i motbakke vere løysinga. Her tek ein i bruk dei gamle ferdselsvegane frå fjord til fjell med blant anna Simadalen, Måbødalen, Hjølmaberget, Vøringfossen, Skykkedalsfossen, Vedalsfossen.
Eit anna mål kan jo vera å berre la gruppa ha det Sutalaust & Kjekt!




Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, http://www.tide.no/, 55 23 87 32
Hardanger Akvasenter, Steinstø, post@akvasenter.no, www.akvasenter.no, 56 55 55 40
Steinstø Fruktgard, Steinstø, steinsto_fruktgard@hotmail.com, www.steinsto-fruktgard.no, 99 69 15 27
Gamlastovo Gardsresturant, Fykse/Steinstø, gamlastovo@online.no, www.gamlastovo.no, 971 68 511
Hardanger Fjordreiser, Steinstø, hardangerfjordreiser@gmail.com, www.hardangerfjordreiser.no, 907 19 640
Eidfjord Fjell & Fjord Hotel, Eidfjord, post@effh.no, www.effh.no, 53 66 52 64
