Kurs - ski og velvære i Skånevik
Fakta:
Legg dykkar kurs til Skånevik Fjordhotel i Skånevik.
Hotellet ligg like ved strandkanten i Skånevik, ei sjarmerande lita bygdeperle innerst i Skåneviksfjorden ved starten av Hardangerfjorden.
Hotellet har 51 rom med vanleg hotellstandard.
Den storslåtte Skåneviksnatur med fjord, fjell, fonn og fossefall utgjer den uslåelege og kreativitetsfremjande atmosfæren for dykkar faglege arrangement.
Fjordhotellet kan by på tre konferansesalar av varierande storleik og med alt nødvendig teknisk utstyr. Møteromkapasitet er 130 personer.
Skånevik Fjordhotel er eit ypparleg utgangspunkt for utflukter og aktiviteter.
Ynskjer gjestene aktivitetar kan vi tilby følgjande opplegg:
Aktivitet / Oppleving:
Ein liten køyretur frå hotellet ligg eit skieldorado i Hårdadalen. Gruppa kan nyta turterrenget i skisporet eller bruka nokre timar til organiserte oppgåver i naturen.
Etter mykje god fjell luft blir gruppa køyrt tilbake til hotellet kor avslapning og velbehag i hotellet sitt fjordspa ventar.
Her kan ein få løyst opp støle og spent muskulatur ved hjelp av dyktige terapeuter og med mange ulike behandlingsprogram å velje i.


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Skånevik Fjordhotel, Skånevik, ik@fjordhotell.no, www.fjordhotellet.no, 53 77 07 00
