Hardanger i eit miniatyr
Fakta:
Ynskjer De og dykkar bedrift / medarbeidarar ei litt anna oppleving på neste møte?
På ca. 1 time og 30 min. er du komen inn til Fyksesundet utanfor Øystese i Hardanger.
Midt på fjorden kan Hardanger Akvasenter gje deg ei unik moglegheit til å oppleve norsk laksenæring på nært hald. Senteret ligg bokstavleg talt ute i fjorden på eit oppdrettsanlegg. Det er tilkomst med båt eller via ein landgang. Hardanger Akvasenter har fullt utrusta kurs- og konferanselokale for inntil 50 personer. I tillegg er maten dei serverer basert på spanande laksemenyer og med kvalitetsstempelet "ein Smak av Kysten".
Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene aktivitetar etter møte, kan vi tilby følgjande opplegg:
Passasjerbåten M/S "Peer Gynt" hentar gjestene ved Hardanger Akvasenter og tek dei med på fjordtur innover det tronge og trolske Fykesundet til den veglause grenda Botnen. Om bord er det høve til å innta både mat og drikke av ymse slag, samt slappa av og nyta den storslåtte naturen. Det er også høve til å fiska frå båten.
Båten legg til kai i Steinstø. Steinstø Fruktgard ynskjer velkomen til ein aperitiff basert på epler i den nye, trivelege gardsrestauranten.
Fruktgarden er ein av dei største i området og ligg vakkert plassert med fantastisk utsikt over fjord, fjell og bre.
Turen går vidare opp til det trivelege gamle klyngetunet på Fykse, som ligg i eit fantastisk kulturlandskap.
Vertskapet ynskjer gruppa velkomen til eit genuint festmåltid servert i Gamlastovo Gardsrestaurant, som er ein av dei mest særmerkte og spesielle gardsrestaurantane i Hardanger.
Det vert servert rettar av heimeprodusert og lokal mat. Gjestene vert så invitert med til den førkristne kultplassen Døse, ei spesiell oppleving til tonar av Hardingfele.
Garden har eige pølsemakeri og byr gjestene smaksprøvar og høve til kjøp av stabbursmodna spekjepølser.
Dersom dykk har tid til meir enn eit dagsopplegg er det kort veg til Hardanger Fjordhotell i Øystese for overnatting.




Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Hardanger Akvasenter, Steinstø, post@akvasenter.no, www.akvasenter.no, 56 55 55 40
Hardanger Fjordreiser, Steinstø, hardangerfjordreiser@gmail.com, www.hardangerfjordreiser.no, 907 19 640
Steinstø Fruktgard, Steinstø, steinsto_fruktgard@hotmail.com, www.steinsto-fruktgard.no, 99 69 15 27
Gamlastovo Gardsresturant, Fykse/Steinstø, gamlastovo@online.no, www.gamlastovo.no, 971 68 511
Hardangerfjord Hotell, Øystese, post@hardangerfjord-hotell.no, www.hardangerfjord-hotell.no, 56 55 63 00
