Brevandringstur
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Hardangerfjord Hotell i Øystese. Hotellet ligg fantastisk til ved Hardangerfjorden, omkransa av ein 12 mål stor hage med utsikt til Noregs tredje største isbre, Folgefonna.
Med 87 nyrenoverte hotellrom, kurs- konferansefasiliteter med audiovisuelt utstyr som; høgtaleranlegg, videokanon i alle møterom, trådløst nettverk, samt store og mindre møterom og grupperom - i tillegg til god mat og triveleg miljø, gjer at ein har det meste for å oppnå eit vellukka arrangement.
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:
Aktivitet / Oppleving:
Hardanger Fartøyvernsenter kan med ein av sine båtar hente gruppa på kaia ved Hardangerfjord Hotell og frakta dykk over fjorden til Jondal. Derifrå går turen vidare med buss opp til Folgefonna Sommarskisenter i Jondal (1200 m o.h.). Her ynskjer Folgefonni Breførarlag Dykk velkommen og skreddarsyr ei oppleving for gruppa.
Bre og klatre arrangement er perfekte lagbyggjingsaktivitetar (teambuilding), her må ein blant anna samarbeide om tryggleik og ta omsyn til kvarandre. På bretur må dei ulike mennesketypane jobbe saman for å nå felles mål og ikkje minst oppretthalde tryggleiken til seg sjølv og dei andre i same taulag.

Turen startar med øko-transport til 1400 moh, deretter ca. 15 min. gange over snø før ein tek på breutstyret og går inn i blåisen. Turen vert lagt opp etter deltakarane sine ynskje og fysiske form. For nokre tyder det klatring og adrenalin, for andre vert det ein roleg tur i ei anna verd.
Vel inne i isen nyt ein matpausen me utsikt over Nordsjøen og Rosendalsalpane.

Gruppa vandrar heimover i ettermiddagsljoset, med fjord og fjell under seg, med gode minner frå ei unik oppleving.
Sesong: Frå juni til oktober
* I perioden 1. juni - 1. august kan kjelketur (Økotransport) frå 1200 - 1400 moh. inngå i arrangementet.
Lengde: Frå 3 - 6 timar
Ein flott og sjeldan oppleving er å avslutta dagen på Hardanger Kulturgalleri i Herand. Frå det gamle rekketunet på garden Mælen med sin særeigne omgjevnad, kan ein nyta utsikten over Hardangerfjorden før ein går ned til fjorden og blir skyssa tilbake til hotellet.
Gruppa kan om dei ynskjer få servert middag på Kulturgalleriet før turen går tilbake til hotellet med båten. 
Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Hardangerfjord Hotell, Øystese, post@hardangerfjord-hotell.no, www.hardangerfjord-hotell.no, 56 55 63 00
Hardanger Fartøyvernsenter, Norheimsund, info@fartoyvern,no, www.fartoyvern.no, 56 55 33 53
Folgefonni Breførarlag, Jondal, post@folgefonni-breforarlag.no, www.folgefonni-breforarlag.no, 951 17 792
Hardanger Kulturgalleri, Herand, ba-maele@online.no, www.kulturgalleriet.no, 92 09 31 21 / 92 20 46 07
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32
