Ei tidsreise til Lyngheisenteret på Lygra
Ynskjer du og din bedrift ein annan vri på dykkar arrangement?
Er dykk interessert i tradisjon og vakkert ivareteke kulturlandskap?
Med ein av veteranbåtane frakter Maritime Tours AS grupper frå Bergen og nordover til øya Lygra!
Her held Lyngheisenteret til - ein stiftelse som vernar om dei 5000 år gamle lyngheiene i området.
Senteret er eit moderne informasjonsbygg med møterom og velutstyrt auditorium med kapasitet til 60 personar. I tillegg har senteret utstilling, filmframsyning samt matservering, då med blant anna villsau som spesialitet.
Ein kan forlengja opphaldet ved å avslutte med ein betre middag på Lyngheisenteret og likevel vere tilbake i Bergen innan gunstig tid same dag.
Mange mindre og større grupper søker det unike kulturlandskapet på Lygra som ramme for sitt arrangement.
Er det større grupper som ynskjer overnatting i området ligg Alver Hotell eller Westland Hotell ein kort køyretur unna Lyngheisenteret.
Båtane kan tilby servering ombord
Sesong: Heile året
Tid: Med veteranbåt 6-8 timar
Med hurtigbåt 3-5 timar



Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Maritime Tours, Nordnes/Bergen, office@maritimetours.no, www.maritimetours.no, 55 30 80 80
Lyngheisenteret, Lygra/Seim, post@lyngheisenteret.no, www.lyngheisenteret.no, 951 58 756
