Slottsmiddag med Hestaskyss
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Rosendal i Sunnhordland - ved innløpet til Hardangerfjorden, og ikkje minst nær til Folgefonna, landets tredje største isbre.
Under 2 timar har Hardangerekspressen - såkalla Rosendalsruta, gjort unna turen frå Bergen. Båten går dagleg mellom Rosendal og Bergen via Flesland.
For overnatting i Rosendal kan vi anbefale fylgjande:
Rosendal Motell kan tilby 12 nyrenoverte og trivelege rom/leiligheiter med god standard - Veleigna for små grupper, familiar og enkeltpersonar og ligg sentralt til for alle fasilitetar i Rosendal.
Dersom ein treng fleire rom, samt kurs/konferansefasilitetar er Rosendal Fjordhotell godt eigna. Hotellet har 95 rom, kurs- konferansefasiliteter og som gjest har du tilgang til trådlaust nettverk, hage, strandlinje, tennisbane, strandvolleyballbane, badstove, solarium og trimsenter – slik at her har ein det meste til å oppnå eit vellukka arrangement.
I tillegg legg Hardangerekspressen / Rosendalsruta til kai ved hotellet for grupper.
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar /opplevingar under opphaldet, kan vi tilby fylgjande opplegg:
Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar /opplevingar under opphaldet, kan vi tilby fylgjande opplegg:
I tillegg til å den unike naturarven på Folgefonnhalvøya og i Sunnhordland kan Rosendal by på ein unik kulturarv.
Besøk Skandinavia sitt minste slott som er Baroniet Rosendal, det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Slottet er blant anna kjent for den storslåtte renessansehagen.
Kva med å få servert ein velkomst-apéritif i Vinkjellaren, deretter ein stemningsomvisning med levande ljos og konsert i Den Røde Sal, etterfølgt med 3 retters middag i Den Blå Sal (maks 40 personer) og avslutning med kaffe og kaker ved 1600- tallsgrua i ”Gamlakjøkenet”? Dette blir ein flott slottsaften på 1600- talls vis.
Ein fin start eller avslutning på ein majestetisk slottsaften er å nytta Kvinnherad Hesteskysslag som frakter deg standsmessig fram og tilbake om du vil.
Hesteskysslaget har 20 års erfaring med godkjente vogner og kuskar.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 4 - 5 timar



Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Rosendal Motell, Rosendal, post@rosendalmotel.no, www.rosendalmotel.no, 53 47 30 33
Rosendal Fjordhotell, Rosendal, booking@rosendal-fjordhotel, www.rosendal-fjordhotel.no, 53 48 00 00
Baroniet Rosendal, Rosendal, info@baroniet.no, www.baroniet.no, 53 48 29 99 / 993 15 195
Kvinnherad Hesteskysslag, Rosendal, christine.dekke@knett.no, 918 93 330
Hardangerfjordekspressen, Sjernarøy/Stavanger, mail@rodne.no, www.rodne.no, 51 71 48 00
