Rundtur med Kultur, Natur og Historie
Aktivitet / Oppleving:
Med den korte avstanden frå Bergen kan du enkelt oppleve Hardanger under ditt arrangement.
Vi kan tilby følgjande aktivitetar / opplevingar:
Gruppa blir henta og frakta med Tide Reiser AS over Kvamskogen og vidare inn til Kvandal i Hardanger. Det er ein kort ferjetur over til Utne og Hardanger Folkemuseum. Gruppa vil få ein guida tur med tradisjonar frå heile Hardanger, samt lokale smakebitar.
Vidare går turen innover den sjarmerande vegen langs fjorden, til Herand og Hardanger Kulturgalleri (ca. 30 min).
Her har kunstnaren Arne Bakke Mælen byggd eit moderne galleri og verkstad i tradisjonell byggjestil. Du får oppleve eit gammalt rekketun på garden Mælen og ta inn kontrastar mellom moderne design og gammal tradisjon i særeigen omgjevnad.
I tillegg kan gruppa få kurs i trearbeid og kanskje kjem ein heim med sin eigen design.
Hardanger Kulturgalleri sørgjer og for at gruppa for oppleve ein "ekte gardslunsj" før turen går over fjorden og legg til kai i Steinstø med båten M/S "Peer Gynt".
Her kan gjestene vitja Hardanger Akvasenter, Steinstø Fruktgard eller innta eit genuint festmåltid servert i Gamlastovo Gardsrestaurant. Gardsrestauranten på Fykse er ein av dei mest særmerkte og spesielle gardsrestaurantane i Hardanger. Det vert servert rettar av heimeprodusert og lokal mat.
Garden har og eige pølsemakeri og byr gjestene smaksprøvar og høve til kjøp av stabbursmodna spekjepølser.
Gjester vert invitert med til den førkristne kultplassen Døse, ei spesiell oppleving til tonar av Hardingfele.
Sesong: Heile året
Ynskjer grupper overnatting i området er Hardangerfjord Hotell i Øystese kort veg unna. Hotellet har 87 nyrenoverte rom, god mat og triveleg miljø.





Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32
Hardanger Folkemuseum, Utne, mail@hardanger.museum,no, www.hardanger.museum.no, 53 67 00 40
Hardanger Kulturgalleri, Herand, ba-maele@online.no, www.kulturgalleriet.no, 92 09 31 21 / 92 20 46 07
Hardanger Fjordreiser, Steinstø, hardangerfjordreiser@gmail.com, www.hardangerfjordreiser.no, 907 19 640
Hardanger Akvasenter, Steinstø, post@akvasenter.no, www.akvasenter.no, 56 55 55 40
Steinstø Fruktgard, Steinstø, steinsto_fruktgard@hotmail.com, www.steinsto-fruktgard.no, 99 69 15 27
Gamlastovo Gardsresturant, Fykse/Steinstø, gamlastovo@online.no, www.gamlastovo.no, 971 68 511
Hardangerfjord Hotell, Øystese, post@hardangerfjord-hotell.no, www.hardangerfjord-hotell.no, 56 55 63 00
