Norsk Industrieventyr i Tyssedal
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Hotel Ullensvang i Lofthus. Hotellet ligg fantastisk til ved austbreidda av Sørfjorden.
Hotellet med sine 172 rom, er innreia med sjel, og ein unik kombinasjon av moderne komfort, lokal tradisjon og historie. Ei vandring i hotellet sine mange salongar og korridorar er ei oppleving i seg sjølv.
Symjehall med saunaer og boblebad, golfsimulator, leikerom, biljard og tennishall er berre nokre av fasilitetane Hotel Ullensvang har å tilby.
Med Hardangervidda i ryggen og med utsikt til mektige fossar, fjell og isbreen 'Folgefonna', er det eit ypparleg utgangspunkt for utflukter og aktivitetar.
Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:
Utover fjorden mot Tyssedal (ca. 20 min. køyring frå Ullensvang) var det ein gong eit Troll som hadde samla seg mange gilde skattar.
Trollet skjulte rikdommen sin ein stad der hav og fjell og is kunne verna om skattane i tusenvis av år. Heilt nede ved fjorden ligg den eine skatten som eit Soria Moria slott og her blei ville fossar forvandla til lys og varme.
Den vakre kraftstasjonen Tysso ligg som ei arkitektonisk perle ved fjorden.
Når gruppa kjem kan det vere duka og dekka til middag i eit praktbygg med originale maskiner blant søylegang og blankpussa messing.
Ynskjer gruppa underhaldning til ein aperitiff er det å anbefale ein konsert inne i hallen kor du får ein utruleg akustikk med rette musikken.
Kraftstasjonen Tysso er ei fantastisk oppleving, samtidig som det er ein enkel utflukt for grupper som ynskjer å oppleva noko utanfor hotellet.
Retur til hotellet med Tide Reiser sine busser.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 2 timar

![]()

Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Hotel Ullensvang, Lofthus, ullensvang@hotel-ullensvang.no, www.hotel-ullensvang.no, 53 67 00 00
Norsk Vasskraft og Industristadmuseet, Tyssedal, mette@nvim.no, www.nvim.no, 53 65 00 50
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32
