Spor opp dine røter
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Alver Hotel. Hotellet ligg idyllisk til i Alversund.Etter at Nordhordlandsbrua vart opna, brukar du ikkje meir enn ca. 30 minutt med bil frå Bergen sentrum
ut til Alver Hotel.
Hotellet har 48 rom og framstår i dag som eit moderne konferanse hotell med alle fasilitetar. Kurslokala har lyst og fint interiør med moderne AV-utstyr – det største med plass for inntil 100 deltakarar.
Alle kurslokal samt gjesterom og fellesareal har WLAN – trådlaust nettverk.
Her har ein det meste for å oppnå eit vellukka arrangement.
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:
Alver Hotel er eit flott utgangspunkt for dagsturar til regionen sine mange attraksjonar.
Aktivitet / Oppleving:
Ein fin avbrekk er å ta ein busstur med Tide Reiser AS, gjennom det frodige kulturlandskapet til Radøy, "Den grøne øya" og ut til Vestnorsk Utvandringssenter.
Bruk nokre timar eller ein dag saman med kolegaer på Vestnorsk Utvandringssenter. Sjansane er store til å finna sine røter i utvandrararkivet frå 1825 for Hordaland og Sogn og Fjordane.
Det er i tillegg reist 6 bautasteiner knytta til norskamerikansk historie og til den norske innsatsen i 2. verdskrig. Meir informasjon finn ein i omvisningsprogrammet
Sesong: Heile året for grupper min. 10 personer
Lengde: Frå 2,5 time
Etter besøket på Vestnorsk Utvandringssenter kan gruppa dra tilbake og fortsetja møte eller eventuelt gå direkte til duk og dekka bord på hotellet.


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Alver Hotel, Alversund, alver.hotel@online.no, www.alverhotel.no, 56 34 38 00
Vestnorsk Utvandringssenter, Sletta, post@utvandringssenter.no, www.utvandringssenter.no, 481 08 609
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32
