Fitjar og porten til dei 365 Fitjarøyane
Fakta:
Legg dykkar kurs til Fitjar Fjordhotell på Fitjar.
Hotellet ligg fantastisk til i Fitjarvikjo ved porten til dei 365 fitjarøyane.
Hotellet har 24 nyinnreia moderne rom, nyoppussa restaurant med heimekoseleg atmosfære. Fullt utstyrt kurs- og konferanseavdeling.
Eit ypparleg utgangspunkt for utflukter og aktiviteter.
Ynskjer gjestene aktivitetar kan vi tilby følgjande opplegg:
Aktivitet / Oppleving:
Segltur med kutteren Seladon. Seladon hentar gruppa like ved hotellet og tek dykk med på ein seilas ut mot havet. Gruppa vil få orientering om segling og sjømannskunnskap.
Sesong: Vår, sommar, haust Lengde: Frå 4 timar
I tillegg til ein tur på havet kan ein setje av 1-2 timar og få med seg historien om Håkon den Gode.
Historien om Håkon den Gode som fallt i slaget på Fitjar i år 961 blir fortalt i Håkonarparken med omvisning i Fitjar Kyrkje.
Deretter blir det besøk i ”Peraløo” kor det blir servert kaffi og lefser samt kåseri av Per Drønen.


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Fitjar Fjordhotell, Fitjar, post@fitjar-fjordhotell.no, www.fitjar-fjordhotell.no, 53 45 77 00
Maritime Tours AS, Nordnes/Bergen, office@maritimetours.no, www.maritimetours.no, 55 30 80 80
