Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Oppskrifter med lange tradisjoner


Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Alver Hotel. Hotellet ligg idyllisk til i Alversund.
Etter at Nordhordlandsbrua vart opna, brukar du ikkje meir enn ca. 30 minutt med bil frå Bergen sentrum ut til Alver Hotel.
Hotellet har 48 rom og framstår i dag som eit moderne konferanse hotell med alle fasilitetar. Kurslokala har lyst og fint interiør med moderne AV-utstyr – det største med plass for inntil 100 deltakarar.
Alle kurslokal samt gjesterom og fellesareal har WLAN – trådlaust nettverk.
Her har ein det meste for å oppnå eit vellukka arrangement.

Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:

Alver Hotel er eit flott utgangspunkt for dagsturar til regionens mange attraksjonar.
Ein fin liten avbrekk frå elles daglege rutinar, kan gruppa ta ein kort køyretur med Tide Reiser AS sine busser ned til Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Aktivitet / Oppleving:
Ullvarefabrikken ligg på Hjelmås i Lindås kommune. Familieaksjeselskapet blei grunnlagt i 1898 av Mikkel Myhr og har gjennom fire generasjonar levert kvalitetsprodukt – for det meste basert på norsk ull.

Gruppa kan få ei omvisning i fabrikken og i fabrikkutsalet er det høve å få med seg norske strikkeplagg som Oleana, Janus, Safa i tillegg til elgskinn-produkt, tøfler, pledd, ullundertøy, sokkar, silkesjal, silkeskjørt, tilbehøyr og perler til eigen smykkedesign. I tillegg kan ein få oppskrifter og mange flotte idear til eigen produksjon.
Når det nærmar seg jul, kan besøk på fabrikkutsalet vera fint å kombinera i ein elles hektisk kvardag - til å få unnagjort noko av julehandelen.

Sesong:  Heile året
Lengde:  Frå 1,5 time

Etter besøket på Ullvarefabrikken kan gruppa dra tilbake og fortsetja sitt møte eller eventuelt gå direkte til duk og dekka bord på hotellet

alver

Hillesvåg

City Liner


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off  i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:

Alver Hotell, Alversund, alver.hotel@online.no, www.alverhotel.no, 56 34 38 00
Hillesvåg Ullvarefabrikk, Hillesvåg/Hjelmåstorill@ull.no, www.ull.no, 56 35 78 00
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32