Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Møte i Barndomsheimen til Amalie Alver Skram


Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Alver Hotel. Hotellet ligg idyllisk til i Alversund – på garden kor forfattaren Amalie Alver Skram trakka mykje av sin barndom.
Etter att Nordhordlandsbrua vart opna, brukar du ikkje meir enn ca. 30 minutt med bil frå Bergen sentrum.
Hotellet har 48 rom og framstår i dag som eit moderne konferanse hotell med alle fasilitetar. Kurslokala har lyst  og fint interiør med moderne AV-utstyr – det største med plass for inntil 100 deltakarar.
Alle kurslokal samt gjesterom og fellesareal har WLAN – trådlaust nettverk.
Her har ein det meste for å oppnå eit vellukka arrangement.
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:

Alver Hotel er eit flott utgangspunkt for dagsturar til regionens mange attraksjonar. Her er høve for opplevingar og rekreasjon enten ein ynskjer å reise rundt eller berre slappe av og nyte tilværelsen.

Aktivitet / Oppleving:
Eit besøk i Tjorehagen er eit fint avbrekk under eller etter eit møtearrangement. Her kan ein vandra fredeleg rundt i ein oase med hundrevis av Rhododendron og eksotiske buskar.
Eventyrhagen på 25 mål har fått navnet etter Olav Tjore.

Gruppa kan bli henta på hotellet med Tide Reiser AS sine busser og køyrt ut til Tjorehagen (ca. 10 min.). Her kan ein til dømes arrangere ein "minikonsert" og få servert ein aperitiff.

Sesong:  Vår, sommar, tidleg haust
Lengde:  Frå 1,5 time


Deretter går turen tilbake til hotellet, kor middagen blir servert nede i den flotte ”Skramkjellaren” – ein intim og stemningsfull plass.

Andre aktivitetar i kort avstand til Alver Hotell er Knarvik Senter – møteplass for handel og kultur. I tillegg til ca. 60 butikkar tilbyr senteret blant anna små og store konserter frå Senterscenen. Kva med å bestilla ein eigen ”handle-coach” til gruppa som kan hjelpa deg/dykk å finna det du/dykk er på jakt etter eller kanskje prøve eit butikkrebus?

Sesong:  Heile året
Lengde:  Frå 1,5 time


Tide Reiser AS frakter gruppa tilbake til hotellet med buss.

alver 

Tjorehagen på Radøy

Gåvekort Knarvik Senter


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off  i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:

Alver Hotell, Alversund, alver.hotel@online.no, www.alverhotel.no, 56 34 38 00
Tjorehagen,Sæbø/Sæbøvågen, post@lindaasbrygge.no, www.tjorehagen.no, 56 36 09 99
Knarvik Senter, Knarvik/Isdalstø, age@knarvik-senter.no, www.knarvik-senter.no, 55 30 80 80
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32