Midt i vakker vestlandsnatur
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Westland Hotell i Lindås. Hotellet ligg praktfullt til med panoramautsikt til alle kommunane i Nordhordland.
Hotellet har 86 komfortable rom. Kurslokala er moderne, lyse og luftige - det største med plass for inntil 120 deltakarar. Alle møterom har naturleg dagslys og er utrusta med standard teknisk utstyr. Trådlaus nettilgang (WLAN) i alle konferanserom, gjesterom og fellesarealer. Alle møterom har tilstøtende salongar og utgang til terrasse, samt nydeleg hage og uteområde. Her har ein det meste for å oppnå eit vellukka arrangement.
Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:
Gruppa blir henta av Tide Reiser og køyrt med buss ned til Bruvoll Camping & Hytter – der det ventar mykje moro, nye opplevingar og sosiale aktivitetar. Dette er ein unik sjanse til å bli betre kjend med sine kollegaer og vener gjennom artige, lærerike og praktiske oppgåver.
Aktivitetane er i tillegg tilrettelagt for rullestolbrukarar.
I "gammen" på Bruvoll Camping & Hytter kan ein få servert eit festmåltid av ulike variantar eller eit lettare måltid med fingermat.
Uansett er det ein hyggeleg atmosfære rundt bålet og kanskje skaper det mange festlege historier.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 2 timar (tilpassar gruppa)
Om gruppa ynskjer kan middagen bli servert i maritim stil ved Lindås Brygge. Frå vasskanten ut mot Lindåsfjorden, kan middag basert på ulike sesong menyar bli servert ute, avhengig av den varme årstida – på kaldare dagar/kveldar blir mat og drikke servert inne i det nye Naustet. Her er det fin utsikt mot sjøen og du føler deg ute sjølv om du sitter inne i salongen.
Dette er ein flott og varierande oppleving med kort gangavstand frå hotellet.



Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Westland Hotell, Lindås, westland.hotel@online.no, www.westland.no, 56 34 21 00
Bruvoll Camping & Hytter, Bruvoll/Vågseidet, jkonglev@online.no, www.bruvoll-camping.no, 56 36 35 25
Lindås Brygge,Lindås, post@lindaasbrygge.no, www.lindaasbrygge.no, 56 36 09 99
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32
