Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

"Eit minne for livet"


Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Hotel Ullensvang i Lofthus. Hotellet ligg fantastisk til ved austbreidda av Sørfjorden.

Hotellet med sine 172 rom, er innreia med sjel, og ein unik kombinasjon av moderne komfort, lokal tradisjon og historie. Ei vandring i hotellet sine mange salongar og korridorar er ei oppleving i seg sjølv.

Symjehall med saunaer og boblebad, golfsimulator, leikerom, biljard og tennishall er berre nokre av fasilitetane Hotel Ullensvang har å tilby.

Med Hardangervidda i ryggen og med utsikt til mektige fossar, fjell og isbreen 'Folgefonna', er det eit ypparleg utgangspunkt for utflukter og aktivitetar.

Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:

Opplev den storslotte norske naturen frå eit sjøfly eller helikopter. Variasjonen mellom fjord, fjell, fossar og isbre er eit skodespel for seg sjølv.

Fonnafly sørger for å gje dykkar gruppe eit minne for livet!




 


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off  i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:

Hotel Ullensvang, Lofthus, ullensvang@hotel-ullensvang.no, www.hotel-ullensvang.no, 53 67 00 00
Fonnafly, Rosendal, j.nerhus@fonnafly,no, www.fonnafly.no, 53 48 03 22