I ein kunstnar sine "fotspor"
Fakta:
Legg dykkar kurs/konferanse til Hardangerfjord Hotell i Øystese. Hotellet har 87 nyrenoverte rom, god mat og triveleg miljø. Hotellet kan tilby store og mindre møterom samt grupperom, med ei mengde audiovisuelt utstyr som; høgtalaranlegg, videokanon , trådløst nettverk, etc.
Hotellet ligg like ved Hardangerfjorden og kan tilby det meste ein treng for å arrangere eit velukka møtearrangement.
Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:
Gruppa blir henta med båten "Peer Gynt" frå hotellet og frakta over på den andre sida av fjorden til Herand og Hardanger Kulturgalleri.
Her har kunstnaren Arne Bakke Mælen byggd eit moderne galleri og verkstad i tradisjonell byggjestil. Du får oppleve eit gammalt rekketun på garden Mælen og ta inn kontrastane mellom moderne design og gammal tradisjon i særeigen omgjevnad.
I tillegg vil gruppa få kurs i trearbeid og kanskje kjem ein heim med sin eigen design.
Gruppa kan få servert fingermat eller ein enklare middag før turen går tilbake til hotellet med båten.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 3,5 timar



Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Hardangerfjord Hotell, Øystese, post@hardangerfjord-hotell.no, www.hardangerfjord-hotell.no, 56 55 63 00
Hardanger Fjordreiser, Steinstø, hardangerfjordreiser@gmail.com, www.hardangerfjordreiser.no, 907 19 640
Hardanger Kulturgalleri, Herand, ba-maele@online.no, www.kulturgalleriet.no, 92 09 31 21 / 92 20 46 07
