Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Opplev gammal handverktradisjon i Hardanger


Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Hotel Ullensvang i Lofthus. Hotellet ligg fantastisk til ved austbreidda av Sørfjorden.

Hotellet med sine 172 rom, er innreia med sjel, og ein unik kombinasjon av moderne komfort, lokal tradisjon og historie. Ei vandring i hotellet sine mange salongar og korridorar er ei oppleving i seg sjølv.
Symjehall med saunaer og boblebad, golfsimulator, leikerom, biljard og tennishall er berre nokre av fasilitetane Hotel Ullensvang har å tilby. 

Med Hardangervidda i ryggen og med utsikt til mektige fossar, fjell og isbreen 'Folgefonna', er det eit ypparleg utgangspunkt for utflukter og aktivitetar.

Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:

Ein kort køyretur frå Lofthus ligg Kinsarvik og Hardanger Bestikk - ei familiebedrift med tradisjonar både nasjonalt og internasjonalt. Hardanger Bestikk gjev gruppa ei fabrikkomvisning på 30 – 45 minutt og du vil få eit innblikk i landet sin største og einaste bestikkprodusent innan stål og deira historie – gammal handverktradisjon, hand i hand med ny teknologi.
Etter omvisninga er det gode høve til ein god handel.

Dette er ein fin avbrekk under dykkar arrangement eventuelt eit fantastisk alternativ dersom ein vil leggje opp litt ekstra tilbud til ledsagere.

Sesong:  Heile året
Lengde:  Frå 2 timar

Hotel Ullensvang

Hardanger Bestikk

City Liner


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off  i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:

Hotel Ullensvang, Lofthus, ullensvang@hotel-ullensvang.no, www.hotel-ullensvang.no, 53 67 00 00
Hardanger Bestikk, Kinsarvik, harald.lutro@hardanger-bestikk,no, www.hardanger-bestikk.no, 53 67 10 00
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32