Frå Fjord til Fonn i Bondhusdalen
Ein dagsutflukt frå Bergen er enkelt å få til når Hardangerekspressen - såkalla Rosendalsruta har gjort unna turen på under 2 timar. Båten går dagleg mellom Bergen og Rosendal via Flesland.
Vidare frå Rosendal går turen med Tide Reiser AS sine bussar inn til Mauranger og Olaløo Gardsrestaurant.
Staden er blitt kjent for menyar basert på lokale tradisjonar. Serveringa føregår i ei løe frå 1821, og dørstokken til Folgefonna Nasjonalpark og Bondhusdalen.
Folgefonna er ein platåbre, det vil seia at den ligg på et høgfjellsplatå med utspringere ned i dalane omkring, med blant anna Bondhusdalen, kanskje den flottaste dalen på Folgefonnhalvøya.
Etter ein kort stopp ved Olaløa, der gruppa får utlevert lunsjpakker, går turen vidare med buss opp til der Isvegen startar. Folgefonni Breførarlag ynskjer gruppa
velkomen til ei spanande vandring til Bondhusvatnet, der ein ser Bondhusbreen.
Isen her er dessverre ikkje trygg nok til å gå på, då den rasar mykje i fronten.
På alle arrangementa blir det lagt vekt på å gje ei totaloppleving der Folgefonni Breførarlag kan fortelje mykje om Folgefonna, lokalhistorie og naturen.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 1,5 til 4 timar
Etter ein flott dag med mange opplevingar er Tide Reiser AS klare til å frakte gruppa tilbake til Hardangerekspressen som går vidare til Bergen.
![]()


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Hardangerfjordekspressen, Sjernarøy/Stavanger, mail@rodne.no, www.rodne.no, 51 71 48 00
Olaløo, Sundal/Mauranger, olaloa@online.no, 950 86 980
Folgefonni Breførarlag, Jondal, post@folgefonni-breforarlag.no, www.folgefonni-breforarlag.no, 951 17 792
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32
