Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

"Ein gla' laks"


Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Rosendal i Sunnhordland - ved innløpet til Hardangerfjorden, og ikkje minst nær til Folgefonna, landets tredje største isbre.

Under 2 timar har Hardangerekspressen - såkalla Rosendalsruta gjort unna turen frå Bergen. Båten går dagleg mellom Rosendal og Bergen via Flesland.

For overnatting i Rosendal kan vi anbefale fylgjande:
Rosendal Motell som held til i det 35 år gamle avishuset til lokalbladet Grenda og kan tilby 15 nyrenoverte og trivelege rom/leiligheiter med høg standard - Veleigna for små grupper, familiar og enkeltpersonar og ligg sentralt til for alle fasilitetar i Rosendal.

Dersom ein treng fleire rom, samt kurs/konferansefasilitetar er Rosendal Fjordhotell godt eigna. Hotellet har 95 rom, kurs- konferansefasiliteter med kapasitet til 250 personer. Som gjest har du tilgang til trådlaust nettverk, hage, strandlinje, tennisbane, strandvolleyballbane, badstove, solarium og trimsenter – slik at her har ein det meste til å oppnå eit vellukka arrangement.
I tillegg legg Hardangerekspressen / Rosendalsruta til kai ved hotellet for grupper.

Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar /opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande opplegg:

Gruppa blir henta ved hotell og frakta ut til Lakseparken på Ænes, der sjansane er store for å få fangst! For dei litt meir ”fartsgale” kan Ænes Laksepark også tilby fjordrafting på veg ut til parken. 

Ute ved Ænes Laksepark kan ein arrangera aktivitetar med lagbyggjing som til dømes kanopadling i elva, fjellturar eller eventuelt instruksjon i flogefiske, tilbereiing og servering med utgangspunkt i laks og dei råvarene garden og dalen kan by på.

Sesong:  Heile året
Lengde:  Frå 4 timar

Rygerkongen Rødne

Rosendal Motel

Rosendal Fjordhotel

 


Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off  i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:

Hardangerfjordekspressen, Sjernarøy/Stavanger, mail@rodne.no, www.rodne.no, 51 71 48 00 Rosendal Motell, Rosendal Motell, post@rosendalmotel.no, www.rosendalmotel.no, 53 47 30 33
Rosendal Fjordhotell, Rosendal, booking@rosendal-fjordhotel, www.rosendal-fjordhotel.no, 53 48 00 00
Ænes Laksepark, Ænes, a-b-ene@online.no, www.lakseparken.no, 53 48 45 71