Ein smak av kysten
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Bekkjarvik Gjestgiveri.
Med bil/ferje er det ca. 1,5 time frå Bergen – Bekkjarvik og ca 3,5 time inkludert bil/ferjer frå Stavanger – Bekkjarvik.
Hotellet har havet og historien i ryggen og ligg på ein av øyperlene i Austevoll kommune, syd for Bergen. Bekkjarvik Gjestgiveri disponerer i dag deler av dei tradisjonsrike bygningane i Bekkjarvik. Totalt kan dei huse 78 gjester og alle rom/suiter har tråløst nettverk for internett og ikkje minst utsikt over innseglinga til Bekkjarvik.
Bekkjarvik Gjestgiveri tilrettelegg møter og arrangement i intime mindre møterom eller i stor plenumsal med kapasitet opp til 150 personar. Konferansefasilitetane er utstyrt med standard utstyr som overhead, lerret, flip-over, video-prosjektør, Lyd anlegg med mikrofon og trådløs mygg. Tråløst nettverk for internett og telefon.
Aktivitet / Oppleving:
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar /opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande opplegg:
Maritim Tours AS sørgjer for at gruppa blir henta med seglkutteren ”Seladon”.
Gruppa får vere med å heise stor seglet og elles delta i det som må gjerast om bord. Forhåpentlegvis får ein oppleva solnedgangen i havet. Ein reiser ut til ”Slåtterøy-fyr” - eit av landet sitt eldste støpejernsfyr, som med ein fransk prismekrone i toppen glitrar som ein kjempediamant i dagslys.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 3 timar
Etter mange aktiviteter ute på det opne hav, kva høver vel betre enn å få servert rettar basert på tradisjonsmat og lokale råvarer i ei av stovene på Bekkjarvik Gjestegiveri.
Dersom dykk har behov for transport til og frå Bekkjarvik er Maritim Tours AS behjelpelege.



Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Bekkjarvik Gjestgiveri, Bekkjarvik/Austevoll, post@bekkjarvikgjestgiveri.no, www.bekkjarvikgjestgiveri.no, 55 08 42 40
Maritime Tours AS, Nordnes/Bergen, office@maritimetours.no, www.maritimetours.no, 55 30 80 80
