Kurs/konferanse med ein smak av adrenalinkick
Fakta:
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Stord Hotell som ligg på Leirvik på Stord, ca 700 m frå hurtigbåtterminalen/ kystbussen og ca. 20 min. køyring frå flyplassen på Sørstokken.
Hotellet har 89 store rom, samtlege er doble eller med "grand lit" (stor enkeltseng). Alle romma har sofagruppe og skrivebord.
I tillegg kan hotellet tilby store og komfortable businessrom. Alle med parkett og god belysning, samt femirom og 2 juniorsuiter. Kurslokala har plass for inntil 200 deltakarar. Alle møterom er utrusta med standard teknisk utstyr.
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar/opplevingar under opphaldet, kan vi tilby følgjande:
På Stord finn ein rikelege muligheiter for aktivitetar ute og inne. Naturen er svært variert, alt frå nakent kystlandskap, store høgfjellsområder, lun skjærgård til skogkledde lier.
Aktivitet / Oppleving:
Gruppa spaserer ein kort gåtur over til Stord Sportssenter, kor gruppa blir tekne imot av profesjonelle aktivitetsleiarar.
Gruppa blir fordelt og så er det berre å ta fatt på dei mange varierte oppgåvene – alt frå klatring, havrafting eller skøytebane. Stord Sportssenter får pulsen opp hjå dei fleste.
Dette er ein unik sjanse til å bli betre kjent med sine kollegaer og vener gjennom artige, lærerike og praktiske oppgåver.
Etter mange ”adrenalinkick” kan kvelden nytast med ein smakfull middag i hyggelege omgjevnader på hotellet.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 2 timar (tilpassar gruppa)
![]()
![]()
![]()
Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Stord Hotel, Leirvik, info@stord-hotel.no, www.stord-hotel.no, 53 40 25 00
Stord Idrettspark, Stord, margareth@vikahaugane.no, www.stordevent.no, 53 40 24 80
