Den unike natur- og kulturarven på Folgefonnhalvøya
Legg Dykkar kurs/konferanse arrangement til Rosendal Fjordhotell i Rosendal. Hotellet ligg ved innløpet til Hardangerfjorden, og ikkje minst nær til Folgefonna, landets tredje største isbre. Hotellet har 95 rom, kurs- konferansefasiliteter og som gjest har du tilgang til trådlaust nettverk, hage, strandlinje, tennisbane, strandvolleyballbane, badstove, solarium og trimsenter – slik at her har ein det meste til å oppnå eit vellukka arrangement.
Ynskjer gjestene/deltakarane aktivitetar /opplevingar under opphaldet, kan vi tilby fylgjande opplegg:
Ta gruppa med på ein breturar i samband med dykkar konferanse/kurs/møte. Gruppa blir henta med Tide Reiser AS sine bussar og køyrt inn til Mauranger, kor Folgefonni Breførarlag ynskjer dykk velkommen og har skreddarsydd opplevingar for gruppa. Bre og klatre arrangement er perfekte lagbyggjingsaktivitetar (teambuilding), kor ein må samarbeide om tryggleik, ta omsyn til kvarandre. Her må dei ulike mennesketypane jobbe saman for å nå felles mål og ikkje minst oppretthalde tryggleiken til seg sjølv og dei andre i same taulag.
Gruppa blir køyrt tilbake til hotellet med buss.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 4 timar til ein heil dag
I tillegg til å oppleva den unike naturarven på Folgefonnhalvøya og i Sunnhordland må ein få med seg den unike kulturarven på staden. Besøk Skandinavia sitt minste slott som er Baroniet i Rosendal, det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Slottet er blant anna kjent for den storslåtte renessansehagen. Kva med å få servert ein velkomst-apéritif i Vinkjellaren, deretter ein stemningsomvisning med levande ljos og konsert i Den Røde Sal, etterfølgt med 3 retters middag i Den Blå Sal (maks 40 personer) og avslutning med kaffe og kaker ved 1600- tallsgrua i ”Gamlakjøkenet”? Dette blir ein flott slottsaften på 1600- talls vis.
Ein fin start eller avslutning på ein majestetisk slottsaften er å nytta Kvinnherad Hesteskysslag som frakter deg standsmessig fram og tilbake om du vil.
Sesong: Heile året
Lengde: Frå 4 - 5 timar



Dette er kun nokre forslag til kva ein kan oppleva og korleis ein kan leggje opp eit arrangement som inkluderar kurs, konferanse, møter, incentive eller kick off i ein av dei tre regionane Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland.
For meir informasjon og MICE-tilbod, kontakt:
Rosendal Fjordhotell, Rosendal, booking@rosendal-fjordhotel, www.rosendal-fjordhotel.no, 53 48 00 00
Folgefonni Breførarlag, Jondal, post@folgefonni-breforarlag.no, www.folgefonni-breforarlag.no, 951 17 792
Baroniet Rosendal, Rosendal, info@baroniet.no, www.baroniet.no, 53 48 29 99 / 993 15 195
Kvinnherad Hesteskysslag, Rosendal, christine.dekke@knett.no, 918 93 330
Tide Reiser AS, Bergen, tur@tide.no, www.tide.no, 55 23 87 32
