Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Fruktbare Hardanger - ”Cruise” langs Noregs vakraste fjord. 

Anbefalt tid fra 1 -3 dagar.

Set vi kursen mot Hardanger og Øystese finn vi fleire spennande stader å vitja. På Steinstø Fruktgard og Kakebu, kan vi frista med nyplukka bær og frukt i sesongen, forskjellege sortar syltetøy eller du kan få kjøpa med deg nysteikte eplekake, brød, lefse – alt er heimelaga. I tillegg til god heimelaga mat, kan du nyta flott utsikt over fjord og fjell.

Utifrå Steinstø kai finn vi Hardanger Akvasenter som gjev deg ei unik mogelegheit til å oppleva norsk laksenæring på nært hald. Senteret ligg bokstavleg talt ute i fjorden på eit oppdrettsanlegg. Det er tilkomst med båt eller via ein landgang. Senteret har i tillegg fullt utrusta kurs- og konferanselokale for inntil 60 deltakarar.

Sjølve fjorden kan du også få moglegheit til å oppleva frå båten ”Peer Gynt”, der vi kan anbefala ein tur tvers over fjorden til Hardanger Kulturgalleri. Her har kunstnaren Arne Bakke Mælen bygd eit moderne galleri og verkstad i tradisjonell byggjestil, Galleriet kan og nyttas til kurs og konferanse. I tillegg vil du på garden oppleva eit gamalt rekkjetun og på denne måten sjå kontrastane mellom moderne design og gamal tradisjon i særeigne omgjevnader.

Kanskje er du interessert i historie, folkekunst og folkemusikk? Då kan du på vegen tilbake til Steinstø ta turen innom Hardanger Folkemuseum eller ein tur over fjorden på andre sida der du finn Hardanger Fartøyvernsenter, eit levande museumsverft der du ser folk i arbeid, som i tillegg kan by på aktivitetar til store og små.

Når vi kjem tilbake til Steinstø vil det vera ei oppleving å ta turen opp til Fykse, ei tradisjonsrik bygd som også er kjend for eit særmerkt bygnings miljø og ligg ved den smalaste fjordarmen i Hardangerfjorden – Fyksesundet. Her kan du få deg ein fantastisk lunsj eller middag i Gamlastovo Gardsrestaurant, i tillegg kan det i grotta like ved arrangerast ein mini hardingfelekonsert.

Dersom du heller ynskjer ein konsert innandørs, kan dette arrangerast i Kunsthuset Kabuso som er den nye kulturarenaen i Øystese, her er det utstillingar, konsertar og andre arrangement heile året.

Kjører du litt lenger innetter fjorden kjem du til ferja Bruavik - Brimnes. Dette vil snart vera historie, då det her kjem ei bru – Hardangerbrua – som er planlagd å vera ferdig i 2011. I følgje planane blir brua bortimot 1 380 meter lang, og med dette ein av dei lengste hengjebruene i verda. Som en kuriositet kan vi nevna at brua blir lengre enn Golden Gate Bridge i San Francisco i USA. Brutårna får ei høgde på ca. 186 meter, medan seilingshøgda blir 55 meter. Med andre ord, det er verd å ta ein tur denne vegen både før og etter brubygginga.

Tar du turen utover fjorden via den vakre bygda Eidfjord og ut til Kinsarvik, finn du ei spennande familieverksemd med tradisjonar både nasjonalt og internasjonalt. Hardanger Bestikk tilbyr fabrikkomvisning, der du får eit innsyn i landets største bestikkprodusent si historie og dei gamle handverkstradisjonane, hånd i hånd med ny teknologi. Etter omvisninga er det høve til å ta ein handel i fabrikkutsalet. 

Neste spennande stoppestad på vegen er Tyssedal. I 2006 var det 100 år sidan Tyssedal Kraftanlegg endra indre Hardanger. Anlegget var i si tid verdas største høgtrykksanlegg. Den vakre kraftstasjonen Tysso ligg som ei arkitektonisk perla ved fjorden og framstår etter omfattende restaurering som eit praktbygg med originale maskinar blant søylegang og blankpussa messing, og har i generasjonar gjort ville fossar om til lys og varme. Hallen blir brukt som kulturbygg med konsertar, teater og selskap. Bli med inn i rallarriket og opplev den mektige historia om det norske industrieventyret!

Ta kontakt for tilbod eller ynskje om informasjon