Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Sunnhordland frå hav til bre - oppdag Maurangerfjorden

og Sunnhordland mange små løyndomar.

 

Anbefalt tid frå 1 -3 dagar.

Ta buss eller båt ut frå Bergen by mot Sunnhordland. Her kan du oppleva isbreen Folgefonna som er Noregs 3dje største bre. Folgefonna er ein platåbre, det vil seia at den ligg på eit høgfjellsplatå med utspringarar ned i dalane kringom. Ein av dei mest kjende utspringarane av Folgefonna er Bondhusbreen, her kan Folgefonni Breførarlag laga skreddersydde opplegg for større gruppe. Blåistur, sykling på breen og fjellklatring er eksempel på aktivitetar som kan gjennomførast. Dersom du ikkje vil prøva deg på ein av desse aktivitetane så kan kajakk padling og segling på fjorden vera andre typar aktivitetar Folgefonni Breførarlag kan by på.

På vegen opp eller ned til Bondhusbreen foreslår vi eit stopp i Olaløo, ein gardsrestaurant på dørstokken til Folgefonna Nasjonalpark og Bondhusdalen. Serveringa går føre seg i ei løa frå 1821, og staden er blitt kjend for menyar basert på lokale tradisjonar (Olaløa er open for grupper)

Er du interessert i fiske? I Lakseparken på Ænes er sjansene store for å få fangst! Parken kan også by på instruksjonar i flogefiske, tilbereding og servering med utgangspunkt i laks og dei råvarene garden og dalen kan by på (passar for opptil 50 personar). Ænes Laksepark har også høve til å arrangera teambuildings aktivitetar som til eksempel lagbyggjing, kanopadling på fjorden eller i elva, fjellturar og hesteriding eller for dei litt meir ”fartsgalne” fjordrafting for grupper.

Vil du derimot vandra i historiske omgjevnader bør du besøkja Skandianvias minste slott, Baroniet Rosendal. Dette er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Kanskje du i tillegg kan tenkja deg å få servert ein Slottsmeny? Apéritifen blir servert i Vinkjellaren, deretter blir det ei stemningsomvisning med levande lys, konsert i ”Den Røde Sal”, 3 rettars middag i Den Blå Sal (maks 40 personar) og avslutning med kaffi og kaker ved 1600- tallsgrua i ”Gamlakjøkenet”.

En fin start eller avslutning på ein vedunderleg  slottsmiddag er å benytta Kvinnherad Hesteskysslag som kan frakta deg standsmessig fram og tilbake om du vil. 

Er det ynskjeleg kan vi også ordna med sightseeing frå lufta, enten med helikopter eller sjøfly frå Fonnafly.

På vegen tilbake til Bergen kan det kanskje være en ide å besøkja Bekkjarvik. Staden har havet og historia i ryggen og ligg på ei av øyperlene i Austevoll kommune. Gjestgiveriet kom til på kongeleg befaling då danske kong Christian Quart på 1500-tallet bestemte at gjestgiverhus skulle det byggjast for kvar  halve eller heile dagsreise i skipsleia. Bekkjarvik Gjestgiveri har i alle år vore eit naturleg midtpunkt i denne frodige travelheten. Gjestgiveriet tar i mot gjester fra fjern og nær, enten for selskap, rekreasjon, møter og/eller incentive.

Dersom du treng lokaler og aktivitetar for fleire hundre personar er Stord Idrettspark, lokalisert på Stord det største og mest komplette anlegget mellom Stavanger og Bergen. Her finns fasilitetar og aktivitetar rundt hallane, klatrevegg, skeisebane og den nye kunstgrasbana. Stord Idrettspark har mange års erfaring i å arrangere store festar, idrettsarrangement, turneringar osv. og dei fem siste åra har dei etablert seg som arrangør av konferansar både regionalt og nasjonalt.

 

Ta kontakt for tilbod eller ynskje om informasjon