Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Bli med på ei tidsreise til Nordhordland –

Kystperla mellom Bergen og Sognefjorden.

 

Anbefalt tid frå nokre timar til 1-2 dagar.

Forflyttar du deg ca. 30 minuttars kjøring fra Bergen og Fisketorget, vil vi anbefala ei utflukt med omvisning til Hillesvåg Ullvarefabrikk på Hjelmås i Lindås kommune. Dette er ei familieverksemd som har vore i samme familie i over 100 år og har gjennom fire generasjonar levert kvalitetsprodukt, for det meste basert på norsk ull. I fabrikkutsalet kan ein kjøpa norske strikkeplagg som for eksempel åklær, ullpledd, eller garn til strikking, hekling og veving.

Møtet og lunsjen kan du leggja til Lyngheisenteret, der du samstundes kan oppleva lyngheiane, kysten sitt tidlause kulturlandskap. Dei autentiske lyngheiane blir haldne i hevd gjennom aktiv gardsdrift og utgjer eit familievenleg tur område lagt til rette for fagformidling, naturoppleving og friluftsliv. I det moderne informasjonsbygget er det utstillingar, filmframvisning og ”matstove” med servering av tradisjonskost. Lyngheisenteret er tildelt Unesco sin pris for bevaring og drift av det unike kulturlandskapet på Lygra.

Et fint avbrekk etter møtet eller konferansen kan være å leggja eit besøk til Tjorehagen. En fredeleg oase med hundrevis av Rododendron, eksotiske buskar, tre og idylliske stiar. Rhododendronhagen er opparbeida av tidligare eigar, Olav Tjore. Han starta arbeidet i 1960 og skapte ein eventyrhage på 25 mål. Staden passar veldig fint til private intime konsertar eller kanskje ein aperitiff før middagen, eller om du bare ynskjer ei guida omvisning.

Av andre opplevingar i Nordhordland så kan Vestnorsk Utvandringssenter vera ein ide. Staden inneheld ei Emigrantkyrkja, Brampton Lutheran Church, som blei henta frå Nord Dakota i USA. Eit utvandrararkiv for Hordaland og Sogn og Fjordane høyrer også til senteret, og det er reist 4 bautasteinar knytta til norskamerikansk historie og til den norske innsatsen i 2. verdenskrig. Det er også henta heim og sett opp ei skulestove, nybyggjarstove og lærarbustad frå pionertida. I tillegg blei det i 2002 opna eit rådhus, fengsel og eit doktarkontor.

Er du oppteken av aktivitetar og har lyst på ein dag med mykje moro, nye opplevingar og sosiale aktivitetar, kan Bruvoll Camping & Hytter arrangera Team Building for firma og organisasjonar. Ein unik sjanse til å bli bedre kjend med sine kollegar og vener gjennom artige, lærerike og praktiske oppgåver. Bruvoll Camping & Hytter er under stadig utvikling, ”siste skot på stamma” er ny gamma (bygd 2005) til bruk for bedriftsmarknaden.

Ta kontakt for tilbod eller ynskje om informasjon