Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Transport og kommunikasjon

Transport er eit viktig ledd når ein planlegg konferansar eller andre aktivitetar. MICE Hordaland er så heldige å kunna tilby båt, buss og fly. Her kan ein velja og vraka alt etter dagens ynskjer og behov, du kan gjera reisa til ei oppleving eller du kan nytta transporten som eit framkomstmiddel. Treng du meir informasjon eller ynskjer tilbod kan MICE Hordaland hjelpa deg å formidla dine ynskjer i forhold  til transport til eller frå eksempelvis Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland eller Bergen/Oslo.

Maritim ToursMaritime Tours AS

Rekreasjon og ro, avkobling og rein livsnyting - det er noko alle fortjener, og det er kva ei reise på sjøen kan gje. Maritime Tours har lagt vekt på å tilpassa turane dei forskjellege tidsspenn ein erfaringsmessig veit folk har tid til og å utnytta tida for maksimal oppleving av våre makelause kyst og fjordar. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Ein smak av kysten eller om du ynskjer tilbod, kontakt MICE Hordaland. Ynskjer du meir informasjon sjekk Maritime Tours AS si eiga heimeside.

 

Tide Reiser AS Tide Reiser AS

Ein ledande aktør innan reiselivsutvikling og aktivitetar i Vestlandsregionen. Tide kan tilby både bussar og båtar i Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland, med andre ord i alle 3 regionane. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Jubileum for din bedrift, eller om du ynskjer tilbod, kontakt MICE Hordaland. Ynskjer du meir informasjon sjekk Tide Reiser AS si eiga heimeside.

 

Rygerkongen RødneL. Rødne & Sønner AS

Med Rødne Fjord Cruise kan du oppleva "Verdens vakreste Eventyr". Ruta går dagleg mellom Rosendal og Bergen via Flesland (2 gonger dagleg mandag til fredag og 1 gong til dagen lørdag/ søndag). I tillegg til Hardangerfjordekspressen som den også vert kalla, har L. Rødne & Sønner AS båtar for utleige dersom dette er ynskjeleg. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Slottsmiddag eller om du ynskjer tilbod, kontakt MICE Hordaland. Ynskjer du meir informasjon sjekk L.Rødne & Sønner AS si eiga heimeside.

 

Hardanger Fonna FlyFonnafly

Fonnafly driv med taxiflyging og sightseeingturar. Mellom anna turar over landet sin tredje største isbre, Folgfonna. Opplev vår vakre natur frå sjøfly eller helikopter. Eit minne for livet! Fonnafly kan du nytta uansett om du ynskjer å reisa til/frå Oslo, Bergen, Hardanger, Sunnhordland eller Nordhordland. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Eit minne for livet eller om du ynskjer tilbod, kontakt MICE Hordaland. For meir informasjon sjekk heimesida til Fonnafly.