Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Om MICE Hordaland

MICE Hordaland er eit unikt samarbeidsprosjekt mellom reiselivsdestinasjonane i Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland. Prosjektet skal ha fokus på kurs, konferanse og incentive marknaden for bedrifter & organisasjonar.

Produktmessig utfyller dei tre områda Nordhordland, Hardanger og Sunnhordland kvarandre godt – noko som er ein styrke for dette prosjektarbeidet. I alle desse tre områda har det vorte bygd opp ein godt diversifisert kapasitet for å kunna ta imot ulike arrangement; dette tilbodet varierar frå dei små og intime reiselivsverksemdene som høver godt for mindre samlingar, til dei meir større og konvensjonelle kurs- og konferansehotella. I tillegg er det etablert aktivitetsselskap og attraksjonar. 

Prosjektet starta i november 2006 og det er i dag 40 bedrifter som har tegna medlemskap. Innanfor prosjektet kan vi tilby attraksjonar, aktivitetar, møterom for kurs/konferanse, små og store overnattingsbedrifter og transport. Sjå gjerne på forslag til turar i Sunnhordland - frå hav til bre, Nordhordland - kystperla mellom Bergen og Sognefjorden eller Fruktbare Hardanger.

Ta gjerne kontakt om du ynskjer tilbod frå verksemdene så vil MICE Hordaland formidla dette vidare til ein eller fleire av dei 40 medlems verksemdene.

Ynskjer du å ta kontakt med oss, kan du også senda ein e-post til info@micehordaland.no  

Kva står forkortinga MICE for: På den internasjonale marknaden er MICE eit svært kjent begrep innan kurs og konferanse. MICE er forkortinga for dei engelske orda: "Meeting, Incentive, Conference, Events" og i dette høve nytta som prosjekt tittel.

Med venleg helsing frå MICE Hordaland

Postadr.: MICE Hordaland v/ Nordhordland Reiselivslag, Kvernhushaugen 1, Knarvik. Postboks 108, 5903 ISDALSTØ


Søkemotoroptimalisering: Synlighet as