Kurs, Konferanse & Møte
Skal du skal arrangera kurs/konferanse i jobbsamanheng eller feira jubileum privat, kan det vera vel verdt å sjå litt på lista nedanfor. Enten du er på jakt etter dei tradisjonelle møteromma eller det meir spesielle som til eksempel i eit kunstgalleri, har Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland møterom som er egna for dei store konferansane og i tillegg andre som kan passa bedre til dei mindre. Ta gjerne kontakt med oss i MICE Hordaland dersom du treng meir informasjon eller ynskjer å få tilsendt eit tilbod frå ein eller fleire av bedriftene.

Alver Hotel - Nordhordland
Familieverksemda Alver Hotel vart etablert i 1959 og ligg i landlege omgjevnader i Alversund - på garden der forfattaren Amalie Alver Skram trødde store delar av sin barndom. Etter att Nordhordlandsbrua vart opna, brukar du ikkje meir enn ca. 30 minuttar med bil frå Bergen sentrum. Hotellet framstår i dag som eit moderne konferanse hotell med alle fasiliteter. Sjå gjerne vårt pakkeforslag "Møte i barndomsheimen til Amalie Alver Skram" eller Be om tilbod

Westland Hotel - Nordhordland
Westland Hotel ligg kun 50 minutt frå Bergen sentrum med ei fantastisk panoramautsikt til alle kommunane i regionen Nordhordland, eit flott utgangspunkt for dagsturar til regionens mange attraksjonar. Her er mulighet for opplevelser og rekreasjon enten ein ynskjer å reisa rundt eller berre slappe av og nyta tilværelsen. Hotellet er eit moderne konferansehotell med gode fasiliteter. Sjå gjerne vår anbefalte pakke "Aktivitetar til ditt arrangement på Westland Hotel" eller Be om tilbod

Bekkjarvik Gjestgiveri - Sunnhordland
Staden har havet og historien i ryggen og ligg på ei av øyperlene i Austevoll kommune, sør for Bergen. Bekkjarvik Gjestgiveri har sidan 1982 vore eigd og drive av Øystein og Asta Johannessen. Dei har utvika gjestgiveriet til eit av kystens mest spannande reisemål for turistar og bedrifter for kurs/konferanser eller for private som ynskjer å feira sine store dagar her. Sjekk gjerne følgjande pakke "Ein smak av kysten" eller Be om tilbod
Baroniet Rosendal - Sunnhordland
Skandianvia sitt minste slott, er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Slottet er mellom anna kjend for den storslåtte renesansehagen. På slottet kan du få omvisning, oppleva minikonsertar eller kanskje du kan tenkja å halda møtet eller kurset i Baroniet sin Avlsgard som ligg like ved. Her er plass til 35 personar i klasseromt. Sjå gjerne vår anbefalte pakke "Slottsmiddag" eller Be om tilbod

Rosendal Fjordhotel - Sunnhordland
Ligg fantastisk til ved byrjinga av Hardangerfjorden og kun ein kort spasertur frå Baroniet Rosendal med renessansehagen. Som gjest på på hotellet har du tilgong til hagen, kaianlegget, båt, fiskeutstyr, tennis og standvollyballbane, badstu og solarium. Hotellet kan ta imot 350 gjester til middag og er ein eigna stad å ha kurs og konferanse. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: "Den unike natur- og kulturarven på Folgefonnhalvøya" eller Be om tilbod

Rosendal Motell - Sunnhordland
Held til i det 35 år gamle avishuset til lokalbladet Grenda som hadde 55-års-jubileum i 2006. Motellet kan tilby eit nyrenovert anlegg, trivelege rom med høg standard. Veleigna for smågrupper, familiar og enkeltpersonar. Motellet ligg sentralt plassert i Rosendal sentrum. For meir informasjon om Rosendal Motell klikk her eller Be om tilbod

Fitjar Fjordhotell - Sunnhordland
Få hotell kan visa til eit breiare arrangementstilbod enn Fitjar Fjordhotell. Utanom vanlege dansekveldar, vert det arrangert ei rekkje “spesialarrangement” i regi av hotellet. Hotellet køyrer fast Sommarrevy med hovudsakleg lokale aktørar. Hotellet gjev stadig rom for nye spenstige utfordingar og skreddarsyr gjerne arrangement slik du ynskjer det. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: "Fitjar og porten til dei 365 Fitjarøyene" eller Be om tilbod

Skånevik Fjordhotell - Sunnhordland
Finn du like ved strandkanten i Skånevik, denne sjarmerande vesle bygdeperla innerst i Skåneviksfjorden ved byrjinga av Hardangerfjorden. Fjordhotellet inviterer til lærerike, spennande, aktivitetsfylte og sosiale konferanseopplegg og teambuildingsarrangement for bedrift og grupper. Tre saler av varierande storleik med alt naudsynt teknisk utstyr. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: "Kurs - ski og velvære i Skånevik" eller Be om tilbod

Bømlo Hotell - Sunnhordland
Ligg på Rubbestadneset på aust sida av Bømlo og er et moderne hotell med gode kvalitetar. Stadig utvikling og nye tilbod kjem til etterkvart. Bømlo er landfast via Trekantsambandet som gjer det enkelt å komma fram med både bil og buss. Hurtigbåten stoppar både på Rubbestadneset og i Mosterhamn. Hotellet har også gode mogligheit for ta imot kurs- og konferansegjester. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: "Blåtur med Gullgruver, Rekebord og Bryggedans på Bømlo" eller Be om tilbod

Stord Hotell - Sunnhordland
Er eit fullservice kurs- og konferanse hotell i Sunnhordland, midt mellom Bergen og Stavanger. Hotellet kan tilby velutstyrte rom, bar, restaurant, symjebasseng og stor konferanseavdeling. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Møteopphald med ro og hygge på Stord Hotell eller Be om tilbod

Eidfjord Fjell og Fjord Hotel - Hardanger
Eit familiedreve rom/frukost hotell. Her er 28 rom med totalt 49 senger og ein restaurant med kapasitet til 150 personar. I tillegg har hotellet konferansefasilitetar med kapasitet opp til 70 i kino og 45 i klasserom. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Blåtur - ei reise til Hardanger eller Be om tilbod

Quality Hotel & Resort Vøringfoss - Hardanger
Omkransa av store og høge fjell, ligg hotellet rett ved sjøen som ei lita kvit perle i enden av Hardangerfjorden. Hotellet kan by på flotte kurs og konferansefasilitetar. I tilknytning til hotellet har Eidfjord Kommune bygd eit flott galleri for si unike samling av Berglienmaleri. Her vert det og høve til å nyta kunst frå andre kunstnarar. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Hundekjøring på Hardangervidda eller Be om tilbod

Hotel Ullensvang - Hardanger
Har lang erfaring som vertskap for arrangement, store som små. La snøkledde fjell og djupblå fjord inspirera til nytenking og kreativitet, slik Edvard Grieg ein gong gjorde. Konferanseverten er tilgjengeleg heile tida og syter for at rammene rundt blir slik du/de ynskjer. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Ei Bygd blant 600 000 frukttrær eller Be om tilbod

Hardangerfjord Hotell - Hardanger
Ligg fantastisk til rett ved Hardangerfjorden, omkransa av ein 12 mål stor hage med utsikt til isbreen Folgefonna. Hotellet er samstundes plassert midt i sentrum av Øystese - slik at ein har tilgong til dei fleste fasilitetar bygda kan by på. Hotellet har flere muligheter som; store møterom, mindre møterom, grupperom etc. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Bli med på knutestafett eller Be om tilbod

Lyngheisenteret - Nordhordland
Lyngheisenteret på Lygra gir deg høve til å oppleva kystlandskapet si kulturhistorie i vakker og særprega natur. I det moderne informasjonsbygget er det utstilling, filmframsyning og matstove med servering av tradisjonskost. Dei autentiske lyngheiane vert haldne i hevd gjennom aktiv gardsdrift. Lyngheisenteret er tildelt Unesco sin pris for bevaring og drift av det unike kulturlandskapet Lygra. Sjå vår anbefalte pakke: Ei tidsreise til Lyngheisenteret eller Be om tilbod

Stord Idrettspark - Sunnhordland
Stord Event er lokalisert i Stord Idrettspark som er det største og mest komplette anlegget mellom Stavanger og Bergen. Her finn du fasilitetar og aktivitetar rundt hallane, klatrevegg, skeisebane og den nye kunstgrasbanen. Dei har mange års erfaring i å arrangera store festar, idrettsarrangement, turneringar osv. I tillegg har dei også arrangert ein del teambuilding og bedriftssamlingar med stor suksess! Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Kurs og konferanse med ein smak av adrenalinkick eller Be om tilbod

Norsk Vasskraft og Industristadmuseum
I 2006 var det 100 år sidan Tyssedal Kraftanlegg endra indre Hardanger. Anlegget var i si tid verdas største høgtrykksanlegg. Den vakre kraftstasjonen Tysso ligg som ei arkitetonisk perle ved fjorden og framstår etter omfattande restaurering som eit praktbygg med orginale maskiner blant søylegang og blankpussa messing. Hallen vert nytta som kulturbygg med konsertar, teater og selskap. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Norsk Industrieventyr i Tyssedal eller Be om tilbod

Gamlastovo Gardsrestaurant - Hardanger
Fykse er ei tradisjonsrik bygd som ligg ved den smalaste fjordarmen i Hardangerfjorden – Fyksesundet. Grenda er kjent for eit vakkert kulturlandskap og eit særmerkt byggningsmiljø. Her kan du få deg ein herleg lunsj eller middag, omvisning på garden i grenda Fykse og mini hardingfelekonsert i ei grotte i fjellet. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Hardanger i eit miniatyr eller Be om tilbod

Kunsthuset Kabuso - Hardanger
Hardanger er Hordaland fylke sin tusenårs stad, og Kabuso er det konkrete uttrykket for dette. Senteret blei opna i januar 2006 og ligg i Øystese. Her er utstillingar, konsertar og andre arrangement gjennom heile året. Kabuso har i tillegg kafe og ein vakker park. Dersom din bedrift ynskjer å arrangera ein eigen konsert eller foredrag, vil auditoriumet i Kabuso vera eit særs eigna lokale. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Konsertoppleving i Hardanger eller Be om tilbod

Hardanger Farøyvernsenter
Eit familievenleg museum som legg vekt på maritime aktivitetar og opne verkstadar. Aktivitetsløypa byr på mange kjekke oppgåver. Tradisjonelle robåtar kan leigast, og du får med deg kart, turforslag og fiskeutstyr. Ein grillstopp ute på holmen kan då vera eit alternativ. Det går an å leiga "Vikingen", motoryachten "Faun" eller hadangerjakta "Mathilde" til skreddarsydde turar. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: Lag din eigen båtalen eller Be om tilbod
Hardanger Kulturgalleri - Hardanger
I det gamle rekkjetunet på garden Mælen har kunstnaren Arne Bakke Mælen bygd eit moderne galleri og verkstad i tradisjonell byggjestil. Her kan du ta inn kontrastane mellom moderne design og gamal tradisjon i særeigne omgjevnader. Lett servering for grupper på bestilling. Galleriet kan og nyttast til kurs og konferanse. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: I ein kunstnars fotspor eller Be om tilbod

Hardanger Akvasenter - Hardanger
Hardanger Akvasenter gjev deg ei unik mogelegheit til å oppleve norsk laksenæring på nært hald. Senteret ligg bokstavleg talt ute i fjorden på eit oppdrettsanlegg. Det er tilkomst med båt eller via ein landgang. I samarbeid med "Smak av kysten" er det utvikla ein spanande meny. Hardanger Akvasenter har fullt utrusta kurs- og konferanselokale for inntil 50 deltakarar. Sjå gjerne vår anbefalte pakke: "Hardanger i Miniatyr" eller Be om tilbod
