Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Kick off & Teambuilding

Ynskjer du aktivitetar som kan gje deg og di versksemd utfordringar og/eller påverka til tettare samarbeid? Då treng du ikkje reisa langt frå hovedstaden i Hordaland, Bergen for å finna både kreative innslag, fart og spenning. Sjekk aktivitetane nedanfor og test ut grenser saman.  Aktivitetane finn du Hardanger, Sunnhordland eller Nordhordland. Kontakt gjerne MICE Hordaland for tilbod eller meir informasjon

BrevandringBrevandring med Folgefonni Breførarlag

Blåisvandring i Juklavassbreen – ei trygg reise i tusen år gamal is - opplev brevandring på ein av Norges mest kystnære brear! På brevandringsturen er det viktig å ha varme, vindtette og vasstette kledde, hua, vottar, solbriller, solkrem og lunsjpakke. Sko og alt anna naudsynt breutstyr er inkludert i gruppeturane. Utgongspunktet for turane er anten frå Sundal i Mauranger eller Jondal. Sjå vår anbefalte pakke Brevandringstur eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Fjordrafting i SunnhordlandÆnes Laksepark - Mauranger

Lagbygging, fjordrafting / båtturar, kanopadling på fjorden og i elva, fjellturar og hesteriding. Parken kan også by på instruksjon i flogefiske og tillaging av laksen, servering med utgongspunkt i laks og dei råvarer garden og dalen elles kan by på (opptil 50 personar). Sjå vår anbefalte pakke "Ein gla' laks" eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Nordhordland BruvollBruvoll Camping og Hytter - Lindås

Har du lyst på ein dag med mykje moro, nye opplevingar og sosiale aktivitetar? Bruvoll Camping arrangerer Team Building for firma, organisasjonar og institusjonar. Dette er ein unik sjanse til å bli bedre kjend med sine kollegaer og vener gjennom artige, lærerike og praktiske oppgåver. ”Siste skudd på stamma” er ei ny gamme (bygd i 2005) til bruk for bedriftsmarkedet. Sjå vår anbefalte pakke Midt i vakker vestlandsnatur eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Knarvik SenterKnarvik Senter - Nordhordland

Møteplassen for handel og kultur, er regionsenter for Nordhordland, og ligg sentralt plassert ca 25 minutt frå Bergen. Senteret har ca 60 butikkar i alle bransjar, byr på konsertar frå Senterscenen igjennom heile året og legg vekt på aktivitetar som skaper trivsel. Som gruppa kan ein bestilla ein eigen ”handle-coach” eller kanskje du og din bedrift/organisasjon vil prøva eit butikkrebus? Sjå vår anbefalte pakke Møte i barndomsheimen til Amalie Alver Skram eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

 

Folk i salStord Idrettspark

Stord Event er lokalisert i Stord Idrettspark som er det største og mest komplette anlegget mellom Stavanger og Bergen. Her finn du fasilitetar og aktivitetar rundt hallane, klatrevegg, skeisebane og den nye kunstgrasbanen. Dei har mange års erfaring i å arrangera store festar, idrettsarrangement, turneringar osv. I tillegg har dei også arrangert ein del teambuilding og bedriftssamlingar med stor suksess! Sjå gjerne vår anbefalte pakke Kurs og konferanse med ein smak av adrenalinkick eller kontakt MICE Hordaland for tilbod