Sunnhordland • Nordhordland • Hardanger


Be om tilbud her!

Incentive & Opplevelser

Er du på jakt etter noko spesielt og spannande har vi mange fine opplevelsar å by på innan reiselivsdestinasjonane Hardanger, Nordhordland og Sunnhordland. Her finn du alt frå gardsrestaurantar, museum og omvisningar på familieverksemder som til eksempel Hardanger Bestikk eller Hillesvåg Ullvarefabrikk. Alle desse aktivitetane og attraksjonane finn du ikkje langt frå Bergen sentrum. Ta gjerne kontakt med MICE Hordaland om du treng meir informasjon om kva som kan vera spannande å oppleva. Vi kan også tilby breføring sjå her: Folgefonni Breførarlag

Gamle stovo gardsrestGamlastovo Gardsrestaurant - Steinstø

Fykse er ei tradisjonsrik bygd som ligg ved den smalaste fjordarmen i Hardangerfjorden – Fyksesundet. Grenda er kjent for eit vakkert kulturlandskap og eit særmerkt byggningsmiljø. Her kan du få deg ein herleg lunsj eller middag, omvisning på garden i grenda Fykse og mini hardingfelekonsert i ei grotte i fjellet. Sjå gjerne Hardanger i Miniatyr eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Tyssedal TyssoNorsk Vasskraft og Industristadmuseum

I 2006 var det 100 år sidan Tyssedal Kraftanlegg endra indre Hardanger. Anlegget var i si tid verdas største høgtrykksanlegg. Den vakre kraftstasjonen Tysso ligg som ei arkitetonisk perle ved fjorden og framstår etter omfattande restaurering som eit praktbygg med orginale maskiner blant søylegang og blankpussa messing. Hallen vert nytta som kulturbygg med konsertar, teater og selskap. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Jubileum for din bedrift eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Hardanger BestikkFabrikkomvisning på Hardanger Bestikk

Ta turen inn til Hardanger og Kinsarvik på besøk til landets største bestikkprodusent. Her går gamle handverkstradisjonar og ny teknologi hand i hand. Frå stålet kjem inn på rullar og til ferdig bestikk, skal det gjennom 15 ulike operasjonar. Omvisninga er gratis og varer ca. 30 – 45 minutt. Det er og høve til handel ved fabrikkutsalet. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Opplev gammal handtverktradisjon i Hardanger eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Hardanger KulturgalleriHardanger Kulturgalleri - Herand

I det gamle rekkjetunet på garden Mælen har kunstnaren Arne Bakke Mælen bygd eit moderne galleri og verkstad i tradisjonell byggjestil. Her kan du ta inn kontrastane mellom moderne design og gammal tradisjon i særeigne omgjevnader. Lett servering for grupper på bestilling. Galleriet kan og nyttast til kurs og konferanse. Hardanger Kulturgalleri ligg mellom Jondal og Utne, sjå gjerne vår anbefalte pakke I ein kunstnar sine fotspor eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Hardanger FolkemuseumHardanger Folkemuseum - Utne

Museet har sidan skipinga i 1911 teke vare på bygningar m.a. frå mellomalderen, gjenstandar, handverk og tradisjonar frå heile Hardanger. Museet har eit moderne utstillings- og administrasjonsbygg, og felemakarverkstad. Skiftande kunst og kulturhistoriske utstilling. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Rundtur med Kultur, Natur og Historie eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

 

Barn i eplekasseSteinstø Fruktgard - Steinstø

Utsalet til fruktgarden Steinstø byr på nyplukka bær og frukt i sesongen. I tillegg er det høve til å kjøpa med seg nysteikte eplekaker, brød og lefser, syltetøy av ymse slag, råsaft av eple - alt heimelaga. Kafé med god heimelaga mat og flott utsikt over fjord og fjell. Gardsbesøk for grupper ved førhandstinging. Sjå gjerne vår anbefalte pakke "Hardanger i Miniatyr" eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

 

Per Gynt BåtturFjordtur med MS Peer Gynt - Steinstø

Båten ligg ved kai i Steinstø like ved Rv 7, 10 km frå Øystese mot Voss. ”Peer Gynt” tek deg med på guida fjordturar innover det tronge og trolske Fyksesundet til den veglause grenda Botnen eller du kan velja å ta ein tur på Hardangerfjorden og bare nyta naturen. Sjå gjerne våre anbefalte pakke Blåtur - ei reise til Hardanger eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Hardanger Akvasenter - Steinstø kai

Hardanger Akvasenter gjev deg ei unik mogelegheit til å oppleve norsk laksenæring på nært hald. Senteret ligg bokstavleg talt ute i fjorden på eit oppdrettsanlegg. Det er tilkomst med båt eller via ein landgang. I samarbeid med "Smak av kysten" er det utvikla ein spanande meny. Hardanger Akvasenter har fullt utrusta kurs- og konferanselokale for inntil 50 deltakarar. Godt samarbeid med andre verksemder i nærområdet og fantastiske omgjevnader sikrar deg ei flott ramme rundt arrangementet året rundt. Sjå gjerne vår anbefalte pakke "Hardanger i eit Miniatyr" eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

HillesvågHillesvåg Ullvarefabrikk - Lindås

Familieverksemda Hillesvåg Ullvarefabrikk ligg i Lindås kommune på E39, 35 km nord for Bergen. Bedrifta har vore i samme familie i over 100 år og har gjennom fire generasjonar levert kvalitetsprodukt - for det meste basert på norsk ull. I fabrikkutsalet kan ein kjøpa til eksempel norske strikkeplagg, åklær, filttøfler, ullpledd, kardet ull til toving og garn.Dei tilbyr også omvisning i fabrikken for grupper, sjå gjerne vår anbefalte pakke Oppskrifter med lange tradisjoner eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Nordhordland TjorehagenTjorehagen - Radøy

Tjorehagen ligg i Radøy kommune, tett ved riksvei 565, ca 40 minuttar med bil frå Bergen sentrum. Ein fredeleg oase med hundrevis av Rododendron, eksotiske buskar, tre og idylliske stiar. Staden passer veldig fint til private intime konsertar eller ein aperitiff før middagen. Eller kanskje bare ei guida omvisning som eit fint avbrekk i ein travel kursdag. God parkering like ved vegen. Grupper må førhandstingast, sjå gjerne vår anbefate pakke Møte i Barndomsheimen til Amalie Alver Skram eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

 

Nord Vest Norsk utVestnorsk Utvandringssenter - Radøy

Emigrantkyrkja, Brampton Lutheran Church, vart henta frå Nord Dakota i USA. Det er reist 4 bautasteiner knytta til norskamerikansk historie og til den norske innsatsen i 2. verdenskrig, eit utvandrararkiv for Hordaland og Sogn og Fjordane høyrer til senteret. Det er også henta heim og sett opp ei skulestove, ei nybyggjarstove og ein lærarbustad frå pionertiden. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Spor opp dine røter eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

   

 

Nordhordland 2Lyngheisenteret - Lindås

Lyngheisenteret på Lygra gir deg høve til å oppleva kystlandskapet si kulturhistorie i vakker og særprega natur. I det moderne informasjonsbygget er det utstilling, filmframsyning og matstove med servering av tradisjonskost. Dei autentiske lyngheiane vert haldne i hevd gjennom aktiv gardsdrift. Lyngheisenteret er tildelt Unesco sin pris for bevaring og drift av det unike kulturlandskapet Lygra. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Ei tidsreise til Lyngheisenteret på Lygra eller kontakt MICE Hordaland for tilbod 

 

NordhordlandLindås Brygge

Lokalisert i eit nydelig område i Lindås Kommune, 6 mil Nord for Bergen. I maritim stil frå vasskanten ut mot Lindåsfjorden, blir det servert middagar i alle storleiker heile året, basert på ulike sesongmenyar. På den varme tida av året byr ein gjestene uteservering av mat så vel som drikke. Det er nok kaiplass til alle som kjem som gjest til Lindås Brygge, sjå gjerne vår anbefalte pakke Båttur og samling i maritim stil eller kontakt MICE Hordaland for tilbod 

 

LakseparkÆnes Laksepark - Mauranger

I Lakseparken på Ænes er sjangsane store for å få fangst! Parken kan også by på instruksjon i flogefiske og tillaging av laksen, servering med utgongspunkt i laks og dei råvarer garden og dalen elles kan by på (opptil 50 personar). Lagbygging, fjordrafting / båtturar, kanopadling på fjorden og i elva, fjellturar og hesteriding er andre aktivitetar som Ænes Laksepark kan arrangera, sjå gjerne vår anbefalte pakke Ein gla' laks eller kontakt MICE Hordaland for tilbod
   

BaronietKvinnherad Hesteskysslag - Rosendal

Kvinnherad Hesteskysslag tilbyr transport med hest og vogn, ein behageleg og avslappande måte å komma seg fram på. Sjå gjerne vår anbefalte pakke Slottsmiddag eller Kontakt MICE Hordaland for tilbod

 

 

Baroniet i RosendalBaroniet Rosendal

Skandianvia sitt minste slott, er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Slottet er kjend for den storslåtte renesansehagen. På slottet kan du få omvisning, oppleva minikonsertar eller kanskje du kan tenkja deg å få oppleva ein ”slottsaften på 1600-tallsslottet”. Slottsmenyen inneheld apéritif, stemningsomvisning, konsert, 3 retters middag (maks 40 pers) og avslutning med kaffi og kaker, sjå gjerne vår anbefalte pakke Slottsmiddag eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

 

OlaløaOlaløo - Sundal og Mauranger

Her finn du ein gardsrestaurant på dørstokken til Folgefonna Nasjonalpark og Bondhusdalen. Serveringa går føre seg i ei løe frå 1821, og staden er blitt kjent for menyar basert på lokale tradisjonar. Kjersti Bondhus ynskjer deg velkommen til gards. Olaløo ligg ikkje langt frå Bondhusvatnet, der ein kan sjå Bondhusbrea som strekkjer seg nedover fjellsida. Olaløo er open for grupper og slutta lag, sjå gjerne vår anbefalte pakke Frå Fjord til Fonn i Bondhusdalen eller kontakt MICE Hordaland for tilbod

Hardanger Fonna FlyFonnafly

Opplev den storslåtte norske naturen frå sjøfly! Fonnafly tilbyr både sjøfly og helikopter, eit ekslusivt fleksibelt tilbod. Sjå gjerne vår anbefalte pakke "Eit minne for livet" eller kontakt MICE Hordaland for tilbod